Restaurant i sjøkanten på Tysnes

Ope for lunsj og middag, kvardag og fest!


Opningstider kjøken

Torsdag: 15:00 - 19:00
Fredag: 15:00 - 21:00 (bar til 23:00)
Laurdag: 13:00 - 21:00 (bar til 23:00)
Sundag: 13:00 - 19:00

-Ope alle dager for selskap og møter, ta kontakt på epost: booking@mandelhuset.no.

-Baren er ope til 02:00 på kvelder med arrangement. For selskap er og baren ope til 02:00.

-Ope alle dager i sommersesongen, medio juni - medio august.

Hegglandsvegen 4

5680 Tysnes

Idylisk beligenhet i Våge Gjestehamn
KART

EIN DESTINASJON PÅ TYSNES

Som ei kvit perle, rett ved sjøkanten i Våge, ligg Mandelhuset. Dei tre gamle kvite husa med grønt listverk på den gamle dampskipskaien var tidlegare ein landhandel og kai for fjordbåtane. No har staden blitt omgjort til ein lun og koselig restaurant der kjøkenet brukar norske råvarer til å trylla fram gode matopplevingar for deg og dine.

Drifta på Mandelhuset har dagens eigere hatt sida 2005, men Mandelhuset oppstod i 1995 då landhandelen la ned i 1994 etter å vore i drift sida 1923. Vår oppgåve er å vera ein god restaurant og møteplass på Tysnes, me skal gjera vårt for at Tysnes er ein god plass å bu og besøka.

À la carte - meny

À la carte-menyen vår, eller spiskartet om du vil, bygger på "vårt daglege brød". Den daglege, nødvendige kosen som gjev meining til livet. Me meiner at dagleglivet bør innehelda fleire måltider ute blant folk, og me ønskjer å vere ein stad der folk kan møtast over eit godt måltid. Maten me serverer til daglig vil me lage med fagkunnskap og kjærlighet, samtidig som den skal være gjenkjennbar, klassisk og rimeleg nok til at man kan eta her fleire gonger i månaden. kvar rett hos oss skal gje deg litt mer enn du forventar, og vera ein oppleving du ikkje får heima.

Me ønskjer deg velkommen til ei god matoppleving på Mandelhuset.

Som ei kvit perle, rett ved sjøkanten i Våge på Tysnes, ligg Mandelhuset. Dei tre gamle kvite husa med grønt listverk på den gamle dampskipskaien var tidlegare ei landhandel og kai for fjordbåtane. No har staden blitt omgjort til ein lun og koselig restaurant der kjøkenet brukar norske råvarer til å trylla fram gode matopplevingar for deg og dine.

Skalldyrplatå

Skalldyrplatået vårt er det ultimate kosemåltidet! Her kan du maule i lang tid og kosa deg med noko god drikka til. Perfekt om du er aleina, er på date eller er heile storfamilien!

Reker, bakt sjøkreps, bakt hummer, dampede blåskjell, sitron, salat, majones, srirachamajones, aioli, brød og smør. 

Pris per person på huset: 990,-
Pris per person catering: 850,-

Bærekraft - framtida.

Ambisjonen.

Vår ambisjon er tydeleg - me ønskjer å vere ein pådrivar for positiv endring og sette standarden for berekraft i vår bransje. Gjennom våre handlingar og vår dedikasjon til berekraftige forretningspraksisar, ønskjer me å bidra til å bevare miljøet, sikre eit sunt arbeidsmiljø og skape ei berekraftig framtid.

Me er forplikta til å halde fram med å forbetre oss, utforske nye moglegheiter og samarbeide med våre interessentar for å nå våre felles mål.

Me inviterer deg til å bli med oss på denne reisa. Utforsk våre tenester, oppdag våre initiativ og bli inspirert til å handle for ei meir berekraftig framtid saman med oss.

Velkommen til Mandelhuset - der berekraft er vår ambisjon!

Våre bærekraftsmål.

  1. Vår miljøpolicy er fundamentet som leier oss mot ei berekraftig framtid, der vi forpliktar oss til å bevare miljøet for komande generasjonar.

  2. Våre miljøkrav til leverandørane våre sikrar at dei deler vårt engasjement for miljøvern og bidrar til å redusere miljøpåvirkninga.

  3. Våre innkjøpsmål er definerte ut ifrå vår ambisjon om å fremme bærekraft og miljøvenlege praksisar, og gjennom dei styrer vi våre innkjøpsbeslutningar.

  4. Me er stolte av vår avfalls- og gjenvinningspraksis som bidrar til å redusere avfallsmengdene og fremjar sirkulær økonomi.

  5. Vår håndtering av kjemikalier er trygg og ansvarleg, med strenge retningslinjer som sikrar arbeidsmiljøet og miljøvern.

  6. Vårt fokus på energieffektivitet og ressursbruk gir oss moglegheita til å minimere vår klimapåverknad og fremje bærekraftig ressursforvaltning.

  7. Med våre grønne initiativ ønskjer me å skape bevisstheit og inspirere både våre tilsette og kundar til å ta del i det grønne skiftet.

  8. Vår historie er prega av stadig forbetring og innovasjon for å møte miljøutfordringane, og me held fast ved denne arven med stoltheit og ydmykheit.

  9. Framtida er vår drivkraft, og me er forplikta til å vere ein pådrivar for positiv endring og lede an i utviklinga av berekraftige løysingar.

  10. Med ein klar visjon om ei meir berekraftig framtid er me ikkje berre ein sertifisert verksemd, men ein pålitelig partnar som ønskjer å inspirere andre til å ta del i vår reise mot berekraft.

  • Butikken

    HOVEDHUSET, GAMLE BUTIKKEN TIL KÅRE JOHNSEN

    Det opprinelige huset frå 1923, nyttast til restaurant og bar til dagen, men kan og nyttast til lukka selskap.

  • Festsalen

    NYBYGGET FRÅ 2017

    Festsal utsmykka med lokal kunst, velurgardiner og rustikke bord. Plass til 70 gjestar, kan lukkast heilt av frå resten.

  • Sjøhuset

    CHAMBRE SÉPARÉE

    Sjøhuset, tidlegare lager til butikken, vart bygga om til selskapslokale i 2009. Plass til 20 gjestar. Eit bygg for seg sjølv.

  • Naustet

    VÅRT NYE CHAMBRE SÉPARÉE

    Naustet har stått på nabotomten sida 1920. I 2020 forvandlet me det til ein koseleg stova, perfekt til selskap og glede.