
Butikken
Den gamle butikken til Kåre Johnsen. Restaurant og bar til dagleg, og kan stengjast av til lukka selskap.
Med kjærleik og fagkunnskap i botnen gjer me alt for å skape dei rette rammene rundt dagen din. Gamle minne, nye minne, god mat.

Den gamle butikken til Kåre Johnsen. Restaurant og bar til dagleg, og kan stengjast av til lukka selskap.

Festsal med lokal kunst, velurgardiner og rustikke bord. Kan stengjast heilt av frå resten av huset.

Tidlegare lageret til butikken, no eit intimt selskapslokale for seg sjølv. Chambre séparée med sjøutsikt.

Naustet har stått ved sjøen sidan 1920. No ei koseleg stove for vinsmaking, små selskap og glede.



Selskapsmenyane kan bestillast frå 10 personar, seinast 14 dagar før. Me tilpassar menyane for vegetarianarar og veganarar, og tek omsyn til allergiar og religion. Koldtbord, tapas og julebord har eigne menyar, spør oss om det de ønskjer.
| Dagpakke standard, per person | 775 kr |
| Dagpakke med aktivitet, per person | 750 kr |
| Halvdagspakke, per person | 525 kr |
| Tillegg: 3-rettars middag | 600 kr |
| Tillegg: 5-rettars middag | 792 kr |
| Tillegg: vinpakke | 600 kr |
| Frivillige lag og organisasjonar, per person | 150 kr inkl. mva |
Prisar eks. mva der ikkje anna er sagt. Snittar 60 kr per stk. Konferansesalen Vonheim tek inntil 160, og overnatting ordnar me i samarbeid med Haaheim Gaard.